TUSEN TAKK FOR INNSATSEN !

Vårt arrangement RHF Veteranbusstreff 2018 i Ulsteinvik må vi kunne seie var svært vellukka, både når det gjaldt sjølve avviklinga, og det økonomiske resultatet. Dei som hadde tid til å prate med folk melde om svært god tilbakemelding, og at både deltakarar og besøkande såg ut til å storkose seg!

Dette har kvar og ein av oss del i æra for! Anten du var med i planlegginga eller som frivillig under treffet, som sponsor, idémakar, eller bidragsytar på annan måte! Eitt namn er det ikkje mogleg å ikkje nemne for sin allsidige innsats innan dei fleste felt, og det er Tor Sindre Grønningsæter. Eit unikum og arbeidsjern!

Gjennom mange år med veteranbusstreff, ser ein at det er matsalet som gjev den største delen av inntektene ved desse arrangementa. Gjengen som planla og gjennomførte drifta av «Kafé Vikholmen» i pinsa, må derfor nemnast særskilt. Denne eineståande innsatsen gjorde at vi fekk nytta fullt ut det flotte lokalet vi leigde, til å hente inn gode inntekter frå alle som kom innom under veteranbusstreffet!

Etter at status er gjort opp, sit RHF avd. Sunnmøre att med eit overskot frå treffet på omlag kr. 200 000,-. Dette vil verte brukt til nye verkstadportar og varmepumpe ved Rutebilhistorisk Senter EFB på Ellingsøya – noko som vil gjere bygget både rimelegare å varme opp, og betre som dugnadslokale. Vi kan betale ned litt ekstra på banklånet, og elles ha råd til å gjennomføre ulike tiltak på materiellet vårt.

 

Nok ein gong takk til alle for all god hjelp under treffet i Ulsteinvik!

 1

Med beste helsing

for styret i RHF Sunnmøre

 Ola A. Rangsæter