EI HELSING FRÅ ULSTEINVIK

Det er minst fire suksessfaktorar for å få til eit vellukka RHF Veteranbusstreff: Nok utstillingsplass, nok overnattingsplassar, eiga kafedrift med nok mat, og godt ver og temperatur.

1

DELTAKING OG KAPASITET

Som arrangør 2018, var vi i RHF Sunnmøre spent på kor stor deltakinga vart, og korleis veret ville verte. Det vart påmeldt totalt 81 vogner, inkl. 4 etteranmelde. 13 måtte melde forfall, så vi landa på 68 deltakande køyretøy. Den bratte bakken i Eiksundtunnelen gjekk også bra – ingen store problem som vi fekk høyre om. Nokre melde sikkert forfall grunna problem med 17. mai, som denne gongen låg på torsdagen som innleiing til pinsehelga. Ver merksam på at når det i teksten seinare her er snakka om laurdag og søndag, så var dette altså eit pinsehelg-treff. Dette grunna overnattingskapasiteten i Ulsteinvik. Ordinært Kr. Himmelfartshelg-treff vil få fredag som første programdag, laurdag som andre programdag.

2

Utstillingsplassen hadde vi estimert kunne romme mellom 60 og 70 vogner, og vi tok høgde for at nokre av våre eigne vogner frå Sunnmøre kunne parkerast ved Quality Hotel Ulstein. Med nokre av vognene i skyttel- og utfluktskøyring, vart det - med litt tett parkering -  plass til alle på den store, kommunale p-plassen ved småbåthamna. Plassen fekk vi disponere heilt utan vederlag av Ulstein kommune - dei skal verkeleg ha skryt for å vere rause og positive i høve eit slikt arrangement som RHF Veteranbusstreff!

Quality Hotel Ulstein med sine 123 rom var fullteikna, likeeins gamlehotellet (SUFH, Vandrarheimen) med omlag 90 rom. På Hareid budde 15 personar frå RHF, og i Fosnavåg opp under 40 personar. I tillegg kom Flø Feriesenter sine camperande i bubilar og hytter. Vi kan truleg slå fast at det var minst mellom 350 og 400 tilreisande som var innlosjert under treffet.

Det var sett opp eit skyttelbussopplegg til og frå alle overnattingsstadane, og i tillegg vart det køyrt ein del behovsturar med småbussar. Nokre hadde sikkert ønskt seg fleire faste avgangar, men vi håpar dei fleste fekk den transporten dei trengde. RHF Sunnmøre vil takke Nettbuss avd. Volda for sponsing av diesel til skyttel- og utfluktsbussane under treffet. Likeeins fekk vi disponere vaskehallen på Nettbussanlegget i Saunesmarka, der vi tilbaud vask til dei som hadde behov for det. Nettbuss avd. Ålesund lånte oss ein Sprinter som gjorde nytte for seg. Også stor takk til Stryn Motorhistoriske for lånet av bussane T-1412 (Bygg nr. 1 frå Vest, Stranda-Sykkylven Billag) og TV 10841 (Nordfjord og Sunnmøre Billag) som gjorde god teneste under treffet.

3

UTFLUKTENE

Med det fine veret vi fekk levert frå Gislefoss&Co, kunne deltakinga på utfluktene slå begge vegar. Nokre kunne verte freista til å ta ei utflukt i finveret, medan andre då helst ville bruke det til å nyte stemninga på utstillinga og prate med kjende. Det vart utfluktene til Runde Miljøsenter og til Kleven Verft som fekk flest påmelde. Det gjekk tur til Runde også søndagen. Nokre trudde automatisk at utflukta til Runde gjekk med båt, men vi trur dei fleste fekk ei fin oppleving på busstur over dei store bruene i Herøy, og med sjåførveteran Hans Jakob Runde som guide på bussturen laurdag. I tillegg var det nokre som besøkte Ishavsmuseet Aarvak i Brandal.

Båttur med veteranskuta «Hindholmen» gjekk søndag ut i Herøybassenget, med fine holmar og skjer, men også vidt utsyn mot havet.

Laurdag var pensjonerte sjåførar og rutebilfamiliar frå heile Sunnmøre inviterte til treffet, etter initiativ frå styremedlem Hans Olav Drabløs i RHF Sunnmøre. Frå Haram/SRB i nord til Vanylven og Volda/Mørebil i sør var det mange kjende fjes å drage kjensel på, og mange hyggelege gjensyn! Dette kan vere eit godt tips til framtidige arrangørar. Her sponsa Nettbuss avd. Ålesund og avd. Volda dugnadskøyrde bussar til dette opplegget, frå dei tidlegare selskapsområda til Sunnmøre-Romsdal Billag, Storfjord Rutebilar, Stranda og Sykkylven Billag, Ålesund Bilruter, og Mørebil – alt saman no Nettbuss-territorium. Dette opplegget fekk vi svært god tilbakemelding på, frå mange av dei som deltok!

AKTIVITETSHUSET

Dette romslege og praktiske klubbhuset fekk vi leige rimeleg frå eigarane som er Sørøyane Røde Kors, Ulsteinvik Småbåtlag og Ulstein Seilforening. Her kunne vi då både ha treffkafé med god bordkapasitet, sekretariat, og ha møtelokale for hovedstyret, lokalavd.møtet, og sjølve landsmøtet. I tillegg hadde Tor Sindre Grønningsæter i RHF Sunnmøre laga ei større bildeutstilling frå dei mange rutebilselskapa som har vore å finne på Sunnmøre.

4

Sekretariatet i Aktivitetshuset

Kaféen vår hadde eit veldig bra besøk frå fredag ettermiddag til søndag ettermiddag. Laurdag og søndag hadde kaféen og sekretariatet opningstid frå 0900 til 2200. Ein variert og rikhaldig meny såg ut til å freiste mange, og takka vere eit godt førebudd matopplegg vart det ikkje tomt for noko. På same tid var det ikkje mykje mat til overs heller, så dette gjekk veldig godt ut! Kafégjengen med Idunn Myrene i spissen, og dei frivillege som bakte dugnadskaker til kaféen vår, skal ha stor takk for ein kjempeinnsats, både før og under treffet. («Ingen nevnt – ingen glemt»!) Til dei som skal arrangere seinare er det å seie at matsalet er den desidert største inntektskjelda, og bør dimensjonerast raust. Ein bør også ha avtalar hos leverandørar som gjer at ein kan levere tilbake uopna kolli med varer, og god kapasitet til å lagre kjølevare. Brudevoll Kjøtt, Rema 1000, og Pizzabakaren Ulsteinvik hadde gode og fleksible tilbod som gjorde at matsalet vårt gjekk flott, og dermed kunne vi ta ut varer så å seie på minuttet når behovet var der – midt i pinsehelga. Tusen takk også til dei! 

5

Ein fantastisk gjeng på kjøkkenet!

REVYINNSLAG OG KONKURRANSAR PÅ UTSTILLINGSPLASSEN

Etter idé frå nestleiar i RHF Sunnmøre, Tor Sindre Grønningsæter, vart det lagt opp til eit revynummer og litt ablegøyer kl. 14 på laurdagen. Erfarne lokalrevyfolk var hanka inn for å gjenskape miljøet kring ei tradisjonell mjølkerampe. Med mjølkebil og lempis, postmann på moped, og ein villfaren trekkspelar på veg til trekkspeltreff med rutebil, vart dette eit artig innslag på ein solfylt og folkerik utstillingsplass. Lyden var i år litt meir påkosta enn vanleg, og levert av eit profesjonelt lydfirma. Dette var naudsynt for å ha eit slikt underhaldningsinnslag. I tillegg var det både laurdag og søndag små konkurransar på plassen, med gjetting av diverse antal og objekt, og kasting på stikka (girstang), m.m.

Vi vil gjerne oppmode framtidige arrangørar til å satse på litt aktivisering av publikum og deltakarar på treffplassen. Mange likar å sitte ved køyretøyet sitt og prate, medan fleire har etterlyst aktivitetar på utstillingsplassen gjennom mange år. Ein bør gjere dette så enkelt at ein greier å følgje opp. Vi hadde også meir vidløftige konkurranseplanar, som vi såg oss nøydde til å gå vekk frå. Men dersom nokon i framtida vil ta opp tråden med bagasjestablekonkurranse i bagasjerom, eller klosse opp ein buss og ha kjettinglegging med tidtaking (utlån av hanskar og kjeledress til desse konkurransane), så er dette idéar de hermed skal få gratis.

LANDSMØTEMIDDAGEN

Den tradisjonelle landsmøtemiddagen vart i tråd med nye retningsliner frå hovedstyret, arrangert på første programdag (laurdag kl. 1900) etter landsmøtet tidlegare på dagen. Quality Hotel Ulstein hadde ansvaret for dette arrangementet, og ein var avhengige av relativt tidleg førehandssal av middagen for å kunne arrangere. Heldigvis var det fleire større grupper som vakna i tide, slik at ein fekk stadfesta at middagen kunne arrangerast. Hotellet tok i bruk berre ei flate i salen, og kunne dermed dekke opp til 170 personar med buffét. Middagen vart heilt utseld.

Som toastmaster hadde vi fått Ottar Nevstad frå Skodje, han hadde før treffet imponert oss med ein fenomenalt god kronikk i Sunnmørsposten. Den gav eit svært godt attersyn og innblikk i rutebilen og -sjåføren sin store påverknad og verdi i det norske samfunnet gjennom  bilens tidsalder! Som seg hør og bør på Sunnmøre (og med ein prest som toastmaster), song vi for maten – til akkompagnement av trekkspel!

Tidl. rutebileigar i Ulsteinvik, Arve Moldskred, fortalde litt om framveksten og utviklinga av rutedrifta i kommunen og regionen, med visning av fleire til no ukjende Moldskred-bilete som Tor Sindre Grønningsæter i RHF Sunnmøre hadde fått låne og scanna. Arve var også ein svært god støttespelar og døropnar i planlegginga av årets treff, og skal ha stor takk for det!

Sidan ingen frå neste års arrangør hadde høve til å vere tilstades i Ulsteinvik, hadde Sveinung Berild fått informasjon om RHF Veteranbusstreff 2019 Hønefoss. Det er Ringerike og omegn busshistorisk forening (medarrangør Motorhistorisk klubb Ringerike og omegn (MKRO)) som står som arrangør neste år. Treffet vil ha tilhald ved Norsk samferdselshistorisk senter på Hønefoss jernbanestasjon. Dei er erfarne når det gjeld å arrangere større samlingar og treff på denne plassen. Det vil altså verte eit sentralt og lett tilgjengeleg treff.

Så var tida komen til utdeling av hedersprisar og æresmedlemskap. Slik vi pleier å legge opp til, vart ei overvekt av lokale rutebilhistorikarar heidra på heimebane. Det var fire Walther J. Wolds hedersprisar til utdeling, og eitt æresmedlemskap. Bjørn Falck Russenes, Liv Mari Kjerstad og Ola A. Rangsæter frå hovedstyret stod for utdelingane.

Det var sett opp returbussar til dei andre overnattingsstadane kl. 2300, og dette synte seg å vere nok tid for dei fleste. Det var mange som braut opp allereie rett etter heidersseremonien, medan dei siste ikkje forlet salen før kl. 0200 etter mykje godt rutebilhistorisk prat!

 NRK-STREIK OG MEDIEOMTALE

Denne pinsa var journalistane i NRK i streik, så det vart ikkje oppslag frå den kanten. Men både i forkant av og under treffet, må vi skryte av både Sunnmørsposten og lokalavisa Vikebladet-Vestposten for god omtale utan at vi annonserte, samt massevis av gode foto, intervju av deltakarar, og dokumentasjon av heile kortesjen. Takk til Bjørn Halvorsen i Sunnmørsposten, og Jorulf Myrene i Vikebladet!

PREMIEUTDELING OG KORTESJE

Det vart arrangert både utflukter og konkurransar også søndag, og tida gjekk fort også denne dagen. Mykje folk og publikum både på utstillingsplassen og i kaféen. Kl. 14 var det klart for premieutdeling frå scena, og denne gongen var dei fleste av prisvinnarane på plass og fekk henta premie for dei ulike klassene, og 10- og 20-års deltakardiplom. Her var det eitt køyretøy det vart etterlyst deltakardiplom for, dette vil verte teke opp for avklaring i hovedstyret.

Det er fleire ting som talar for å ha ei ordning med premieutdeling før kortesjen; både at publikum får ta del i utdelinga, og at dei fleste prismottakarane framleis er på plass før kortesjen. Dei som får lide for denne ordninga, er juryen, som får dårlegare tid til å gå gjennom alle køyretøya enn tidlegare. For treff som samlar meir enn 75 køyretøy, bør ein ha jury samansett av eit ekstra lag, slik at det er 3 lag som deler på juryarbeidet (ein må då ha 9 jurymedlemar).

Kortesjen kl. 16 gjekk i år ei mil over eidet mellom Ulsteinvik og Hareid, gjorde ein «loop» i Hareid sentrum, og retur same mila til Ulsteinvik gjennom ringrutetraséen i byggefelta nedover mot sentrum. Også her såg det ut til at alle køyretøy greidde seg godt, og vi hefta forhåpentleg ikkje ilandkøyringa frå ferja på Hareid.

8

6

7

OBSERVASJONSKONKURRANSEN UNDER KORTESJEN

I år hadde vi altså konkurranse under kortesjen, der dei som ville kunne krysse av på utdelt skjema med fire oppgåver der ein hadde tre bildemotiv. Det eine av desse tre motiva ville ein kunne sjå når ein passerte i kortesjen. I tillegg var det spørsmål om kor mange fotoboksar ein passerte under kortesjen (2 stk). Også her var det Tor Sindre Grønningsæter som var tilretteleggar for konkurransen. Dei som hadde fem rette svar, var:

- Egil Kaland i R-1283

- Skodjeruta T-1042

- Bjørn Haug i R-1111

- Vidar Såtvedt i KF 28951

ETTER KORTESJEN

Vinnarane av kortesjekonkurransen hadde vi tenkt å premiere under den annonserte «kosekvelden» på Aktivitetshuset etter kortesjen. I tillegg hadde Jens Skoug laga gode spørsmål til Quiz-konkurranse. Kåre Karlsen var klar til å gjennomføre denne, då quizmaster Skoug diverre måtte reise heim tidlegare enn planlagt. Det var også lagt opp til film- og lysbildematiné med buss som hovedtema eller medverkande. Alternativt hadde vi også tilbod om kveldstur til den fantastiske grenda Flø, der ein kan få dei flottaste naturopplevingar heilt i havgapet. Men sjølv om mange vart verande i Ulsteinvik til måndag morgon, gjekk heile deltakinga i oppløysing etter kortesjen – i gamal RHF-tradisjon!

Aktivitetar etter kortesjekøyringa skulle erstatte landsmøtemiddagen, som etter nytt mønster no går på første programdag. Men det fungerte ikkje særleg betre med andre aktivitetar enn med landsmøtemiddagen. Mange startar heimturen etter kortesjen, men med det nye mønsteret får ein i alle høve betre potensiale for deltaking under landsmøtemiddagen, og ein får delt ut køyretøyprisane medan mottakarane enno er deltakande. Det bør vere eit aktivitetstilbod også siste kvelden/andre programdagen etter kortesjen, men dette treng tydelegvis tilvenningstid og ein litt meir sosial tankegang hos oss som deltek på RHF Veteranbusstreff! Her må vi skjerpe oss!

Årets ubrukte Quiz-spørsmål er like aktuelle også neste år, så dette må vi prøve igjen – her er konkurransen klappa og klar for neste års arrangør!

«Basisgruppa» i arrangørstaben vart etterkvart nokså åleine på Aktivitetshuset, og sette seg i «kinosalen» med filmar frå SRB, Thornes Independent, ferjefilmen «Kaffe og svele», og «Venninnebussar» med dei legendariske Mørebilbussane «Tuppen» og «Lillemor». Medan vi gumla i oss nokre restar av skuffekake, var vi einige om at det var veldig kjekt å vere vertskap for RHF Veteranbusstreff 2018 i Ulsteinvik. Vi takkar for gode ord, hyggeleg besøk og god handel, og møtest igjen på Hønefoss neste år! Takk for at de kom!

Helsing frå oss alle i arrangørgruppa